Seniorkonsulent datasenter infrastruktur
Vil du vere med på å utvikle fremtida sine løysingar?
Tussa IKT er ein totalleverandør av IT-tenester, og leverer løysingar basert på nettskya Azure og eigne datasentre i Ørsta og Sykkylven. I tillegg er selskapet ISO-sertifisert innanfor miljøleiing og IT-sikkerheit, leverer IT-sikkerheitstenester og har ein profesjonell servicedesk.
Tussa IKT sitt fibernett dekkjer søre Sunnmøre, Stryn, Stranda og delar av Sykkylven, og det blir bygt ut fiber til husstandar og bedrifter. Selskapet har 112 medarbeidarar og kontor i Ørsta, Ålesund, Sykkylven, Åndalsnes og Stryn.
Tussa IKT er i vekst og søkjer seniorkonsulent datasenter infrastruktur
Vil du vere med på å utvikle fremtida sine løysingar i det mest moderne datasenteret i Midt-Noreg? Tussa IKT er ein MSP med over 100 medarbeidarar, og vi leverer tenester frå tre datasentre til om lag 450 selskap. Strategien vår er å byggje opp ein hybrid tenesteportefølgje knytt til desse datasentra.
Evnar du å halde deg oppdatert på ny teknologi og har ein strukturert og løysingsorientert arbeidsstil, så er du kanskje rett medarbeidar for oss. Vi vektlegg at medarbeidarar skal vere etterrettelege og skape tillit.
Arbeidsoppgåver
Løysingsdesign til nye og eksisterande produkt i eit hybrid datasenter
Ta del i vidareutvikling av tenesteporteføljen vår
Utforske og implementere ny teknologi for å etablere fremtidsretta tenester
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan IT, ingeniørfag eller tilsvarande
Relevant erfaring
Kompetanse innan:
Server- og lagringsløysingar
Virtualisering/hypervisorar
Nettverk og sikkerheit
Monitorering og automatisering
Kjennskap til:
Applikasjonsbrannmur
Hybrid- og skyløysingar (Azure, AWS, etc.)
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
Konkurransedyktig løn
Kurs, konferansar og sertifiseringar
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Oppmøtestad på eit av Tussa sine kontor i Ålesund, Ørsta eller Sykkylven